Boka “Kaninbyen” av Arild Rein blei i 2008 kåra til eit “Heile byen les” prosjekt, som gjekk ut på å få så mange som mogleg til å lese boka. “Kaninbyen” er den siste av dei tre bøkene forfattaren Arild Rein har skrive i “Stavangertrilogien”. Denne trilogien gir ei beskriving av Stavanger frå 1970-åra til 2004.
Arild Rein er født den 17. mars 1960 i Stavanger og er ein norsk forfattar. Han skriv for det meste kriminalromanar med handlingar som brer seg ut i Stavanger. I 2008 vann han kulturforfattar prisen.
Hovudpersonen i boka er Johnny Roxman, og handlinga startar med at vi får vite at han nylig fekk sparken som politi etter at dei fann ut at han hadde leigd leilegheita si ut til asiatiske horer. Han bur nå i kolonihagen sin, og har verken kontakt med si mor eller far sin. Han kjøper ei potetvogn og bestemmer seg for å selje gourmet poteter på Stavangers Gladmatfestival. Underveis i boka møter han den asiatiske kvinna Kim, som han får meir enn eit vennskapeleg forhold til.
Sjangeren i boka er roman. Det er ei realistisk bok som er truverdig fordi ho tek opp aktuelle tema som vi også er prega av i vårt daglege liv: Tema som liv, kjærleik, lov og orden, sex og familie problem. Eg vil seie at boka er seriøs, dette fordi det ikkje bare er underhaldning, men også viktige saker boka tar opp. Forfattaren vil med dette meir enn å berre underhalde lesaren. Eksemplar på dei tema eg skreiv ovanfor er forholdet mellom Kim og Johnny, Johnny som stel, familieproblema mellom Johnny, mora og faren og til sist ikkje minst sexen blant alle menneska i Stavanger.
Tittelen på boka er “Kaninbyen” og folk kan undras om det er noko forfattaren vil fram til med denne tittelen. Mange gonger i handlinga har Johnny dialogar der han snakkar om Stavanger som ein kaninby. Nokre eksempel frå teksten: “- Så det er her du bur? - Ja, som i eit jævla kaninbur, godt skjerma frå den store, stygge verda.” (Rein 2004, s: 95), “Det skulle faen ha vore heilt unødvendig å trekka menneske ut av apekroppen, la dei knulla som kaninar”. (Rein 2004, s: 93), “Fem-seks meter under meg stod eit par inne i rododendronbuskane med buksene på oklene og knulla som kaninar” (Rein 2004, s: 158). Tittelen på boka kan vera “kaninbyen” fordi alle menneska “har seg” slik som kaninar, og fordi at kaninburet kan illustrere husa vi bur i, korleis vi kan vera fanga av den store, stygge verda.
Komposisjon i teksten er veldig laus og handlinga sporar mykje av. All banninga bidrar også til at historia blir vanskeleg å følgje med på. Forfattaren fortel ei historie, men det blir underveis fortald små historier om fortida til Johnny. Alt i alt likte eg boka fordi den var annleis, og ikkje heilt som vanlege bøker. Eg anbefaler folk som ynskjer seg noko annleis og litt spesielt å lese denne boka. Den tar opp tema som mange romanar tar opp generelt, men i denne boka blir det gjort på ein anna måte, noko som gjer det spennande.
Hetland T. Stavanger Aftenblad 2008. Kaninbyen. Lokalisert: 24.02.11 URL: http://www.aftenbladet.no/kultur/637031/laquoKaninbyenraquo_seiret_suverent.html
Wikipedia. Arild Rein 2010. Lokalisert: 24.02.11 URL: http://no.wikipedia.org/wiki/Arild_Rein

Google, bilde av "Kaninbyen"

Google, bilde av "Kaninbyen"
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar